Mjølking før i tida

Å mjølke ei ku før i tida i Lyngdal eller andre stader i Norge var nokså likt.

Edvard Hoem fortel i romanen Liv andre har levd om korleis ein mjølka før i tida. Me vert med inn i fjøset til ekteparet Beret Anna og Anton Edvard som dreiv ein gard på Hoem nær Molde. Året er 1943, og Norge er okkupert av Tyskland. Eg vart født året etter. Hoem fortel på side 339:

Da gjorde han golvet reint for møkk før ho sette sin magre skapnad på ein krakk ved sida av det fulle juret, og så spruta mjølka ned i spannet med sin særeigne melodi, medan Anton Edvard  bar inn høy frå låven og vatne frå fjøsbrønnen. Mjølkesilen vart sett på toppen av spannet, og når bytta var full, sila Beret Anna mjølka gjennom ein silklut og ned i spannet, slik at verken fluger eller støv skulle koma med i den mjølka som vart send til Bolsøy meieri med bussruta som var komen til Hoem.

 

Lyngdalskua midt i byen 17. mai 2015.

Som barn og ungdom på 1950-talet kjenner eg meg igjen i Hoem si skildring av mjølking før i tida. Romanen tek oss med inn i livet i Norge og blant utvandrere til Canada frå 18. Mai 1927 til sommeren 1959. Eg vil tilrå alle som er interessert i historia om utvandringa frå Norge og innvandringa til Canada å lese denne familiekrøniken.

Lyngdal 26. Januar 2018.

Trygve Omland

2 kommentarer
    1. Bygdeboka for Holum i Vest-Agder har et festlig bilde fra gamle dager. Kona skal melke kua, men første skvetten skal jo ikke i spannet. Katten står Iike i nærheten med åpen munn og får det de kalte “pyseskvetten” rett i gapet, og det er faktisk ganske god avstand og god lengde på melkestrålen. Imponerende av både katt og kjerring. 🙂 Og muligens fotografen som fikk fanget det hele på film.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg