Krigsdagen 9. april 1940 til Dydland i Kvås

Eg vart minna om ei historie som Kjell Stuestøl fortalde i Lyngdalsboka 2007 om skuleveg til Dydland.

9. april 1940 reiste Teodor Stuestøl med kona og deira fem born frå Kristiansand til Dydland i Kvås.  Dei hadde ei dramatisk reise med stopp på grunn av bensinmangel, men dei kom fram til Dydland. Dei budde i ei løe mens Teodor bygde ei tømmerhytte.

Kjell Stuestøl fortel i Lyngdalsboka 2007 s. 3.

Under andre verdenskrig og i åra etterpå gjekk borna på Dydland til Vemestad på skule. Det var lang veg, først ned fjellet til dalen og så utetter dalen frå Kvås til Vemestad. Det er om lag 6 km til saman, 3 km til Kvås og 3 km i dalen?

Utover hausten var det mørkt når vi gjekk og mørkt når vi kom heim.

Om vinteren var det verre. .. Det kunne vere strevsamt når skiene kladda. Kladdane kunne bli mange centimeter tykke. Vi skrapa snøen av og gnei skiene med grovt salt…

Det var farleg skrått og isete. Vi hadde då liggande ei øks som vi hogg spor i isen med så vi kunne komme forbi?

Alle gjekk på ski, unge som gamle, Dorthea Fidjestøl gjekk på ski med med fotsid stakk og kom susande nedover bakkane. Ho brukte ein kraftig stav, og bremsa, og i dei brattaste sat ho på staven.

Kan dette kallast ekstremsport?

 

Lygna ved Kvåsfossen.

Sjå meir om livet på Dydland i Kvås  i Lyngdalsboka 2007.

Trygve Omland

9. april 2014/2018.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg