Ver du eit bål
Då eg gjekk på Kvåvikstranda i dag, vart eg fascinert av eit bål. Eg gjekk nær bålet. Eg kjende elden. Eg så ljoset. Eg var i varmen. For meg blei bålet ein bodskap. Eg fann fram til diktet av Halldis Moren Vesaas om å vere eit bål.
«Tung tids tale»
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!
Av Halldis Moren Vesaas, 1945
Lyngdal 3.12.2020
Trygve Omland