Stopp og se gamle og nye kirker

Når jeg er på feriereise, liker jeg å se på kirkehus og stikke innom dersom kirkedøra er åpen. Kirkene er rike på kunst, symboler og arkitektur som forkynner Bibelens budskap på ulike måter.

Når tungene tier skal stenene tale, har Børre Knudsen skrevet i en salme.

Kirkebyggene taler til oppbyggelse  selv om mange av kirkens tjenere er døde.

Heddal stavkyrkje

I dag er stavkyrkja i Heddal den største  av i alt 28 bevarte stavkyrkjer i Noreg.

Både skip og kor har innvendige stavar som utgjer den berande konstruksjonen. Stavane er tappa inn i sviller oppe og nede og utgjer ei ramme eller ein modul. Tidlegare kvilte ramma på steinar. Grunnsvillene stikk så langt ut at den ytre svalgangsveggen kviler på same svilla.

1 Kor 3,9-11 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer.  For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.


 
 Bykle kyrkje

Eg var med Farsund Kristenruss i Bykle gamle kyrkje i 1964 for å samla inn pengar til ei ny kyrkje i Sør-Afrika. Nå har Bykle og fått ei ny kyrkje.

Biskop Olav Skjævesland la ned grunnsteinen til Bykle kyrkje den 1. januar år 2000.  Inni steinen blei det lagt teikningar som barneskuleelevar frå Bykle kommune hadde laga. Den 4. september 2004, vigsla den same biskopen kyrkja, som er teikna av arkitekt Hans Olav Aanensen som eg møtte for ca 50 år sidan. 

Musikarar har uttala at det er det beste konsertlokalet i heile Setesdal. 

Tankane mine går til Bibelen som fortel om ordet frå Guds munn som går til stadig nye generasjonar..

Sal 100,4-5 Kom gjennom portane hans med takkesong, inn i føregardane med lovsong! Lov han, velsign hans namn! 5 Herren er god, evig er hans miskunn, hans truskap varer frå slekt til slekt.

 

Hylestad kyrkje i Rysstad

Den er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1838. Altertavla har motiva krossfestinga og nattverden.  Ved alterringen knelar mange vendt mot dei som er døde i trua på Jesus Kristus og mot dei som me er sendt til med den glade bodskapen om frelsa og evig liv.

Liturgen seier:

Vi prisar deg, heilage Gud, Skapar av himmel og jord, du som har elska verda og gjeve Son din, Jesus Kristus, for at han skulle frelsa oss frå synd og død og vinna deg eit heilagt folk. Vi bed deg: Send din Ande over oss og dine gåver, så vi i tru kan ta imot Jesus Kristus i brødet og vinen.

Eg er takksam for å sjå Guds spor langs vegane. To av tre kyrkjer som eg vitja, hadde opne dører. I alle høve kan me ta til oss:

Åp 3,8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Trygve Omland

1. september 2014

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg