Hald handa mi, Herre.

 

Mange kjenner Ole Mydland mellom anna frå Tenkoret i Lyngdal og frå den tida han var lærar på Å ungdomsskole og på Kristen vidaregåande skole i Lyngdal. Alle veit nok ikkje at han og har skrive songar.

Ole Mydland talte på onsdagsmøte 30. juli 2014 på Undeland Misjonsgård om kva sanninga er. Han avslutta med å lese ein song han har skrive sjølv. Eg fekk lov til å dele den med andre. Songen kan syngast til denne melodien av Gunstein Dragedalen: Gud vil ikke miste en eneste en.

 

Hald handa mi, Herre

Hald handa mi, Herre, når morgonen renn,

når ljoset og livselden logar.

Når vegvalet veks og idebunten brenn,

hald handa i bakkar og boger!

 

Refreng

Hald handa mi, Herre, kvar einaste stund,

så foten finn fjellgrunn og feste.

Frå  auga vert opna til eg fell i blund,

du alltid veit vegen den beste!

 

Hald handa mi, Herre, når dagen er blid,

når doggdropen glitrar i graset.

Når lukke og livsglede tevlar om tid,

hald handa i kappleikkalaset!

 

Hald handa mi, Herre, når dagen er grå,

når skyene solstrålen gøymer.

Når tårevåt væte vil vaske kvart strå,

hald handa så krafta di strøymer!

 

Hald handa mi, Herre, når dagen døyr ut,

når natta og nattmørket ventar.

Når vegen er vandra og striden er slutt,

hald handa så heim du meg hentar!

 

Ole Mydland 2010

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg