Å dikta er å lytta seg fram, ikkje å finna på, det dreier seg , så å seia, om å få fram noko som alt finst – .
Dette seier forfattaren Jon Fosse i boka Mysterie i trua. I samtale med Eskil Skjeldal, Samlaget forlag 2015.
Eg tenkjer: Er ikkje det å lytta noko av det viktigaste i livet? Kvifor er me skapt med to øyre, men berre ein munn?
I ein open samtale er det viktig å lytta aktivt. Me må leva oss inn i verda til den som søkjer å bli sett. Me må lytta oss inn til livet under det ordlause. Når me vert tause, kan me tala saman. Når me teier, kan smerte stiga opp litt etter litt.
I kristen sjelesorg skal me lytta både til det einskilde mennesket og til Gud som ser alle og alt.
I Esek 3,10 les me: Så sa han til meg: Menneske, alle orda eg talar til deg, skal du gripa med hjartet og lytta til med øyra.
Gud lyttar til ropet vårt sjølv om ingen andre høyrer etter. Difor kan me be slik:
Svar meg når eg ropar,
du min rettferds Gud!
Du viser meg ein veg ut av nauda.
Ver meg nådig og høyr mi bøn! Sal 4,2.
Trygve Omland
18. juli 2015