Edru livsstil har vore populært.

176 nye avhaldsmedlem på ein kveld

 

Er det fantasi eller fakta eg les? Det er fakta. Det er sant. Det syner kor sterkt avhaldssaka sto for 130 år sida i Noreg. Tidene og trendane har endra seg mykje.

Ein haustkveld i 1885 var interessa for å vere med på møte i Stavangers avholdslag så stor at folk laut gå frå Losjehuset  til Lars Oftedals Bethania som var eit bedehus. Det var ikke plass nok i avhaldslaget sitt lokale.

Det var fem protokollførarar til å skrive inn nye medlem i avhaldslaget. Denne eine kvelden skreiv dei inn 176 nye medlem i Totalavholdsselskapet.

 

Dette fann eg i  ein artikkel i ny bok med med boktittel Sanselig religion  som kom ut frå Verbum forlag i 2013.  Tittelen på artikkelen i boka er Forføre og formane på bedehus og revyscene, og forfattaren er Erik Fossåskaret.

 

 

Dette er det gamle symbolet for Det Norske Totalavholdsselskap som du finner på: avhold.no

 

Kan dette lille glimtet frå ein haustkveld i Stavanger i 1885 tenne ein gnist i oss i dag? Eller vert me berre motlause?

Tidene endrar seg. Me kan jo vone på at trenden kan snu. Historia fortel om både nedtur og opptur.

Løft ditt hode du raske gutt, var det ein som sa.

 

Tekstval: Trygve Omland

Lyngdal 12.10.2016.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg