I dag er det 9. april 2017. For 77 år sidan på denne datoen kom ein familie på sju personar til Dydland i Kvås. Svein Kjørvik skriv om dette og meir på side tre i Lyngdalsboka 2007. Her er ein smakbite frå boka. Bildet under kan stå som eit symbol for dramatikk frå Kvåsfossen til Dydland før og nå.
9. april 1940 reiste Teodor Stuestøl med kona og deira fem born frå Kristiansand til Dydland i Kvås. Dei hadde ei dramatisk reise med stopp på grunn av bensinmangel, men dei kom fram til Dydland. Dei budde i ei løe mens Teodor bygde ei tømmerhytte.
Kjell Stuestøl fortel dette i Lyngdalsboka 2007 s. 3.
Under andre verdenskrig og i åra etterpå gjekk borna på Dydland til Vemestad på skule. Det var lang veg, først ned fjellet til dalen og så utetter dalen frå Kvås til Vemestad. Det er om lag 6 km til saman, 3 km til Kvås og 3 km i dalen?
Utover hausten var det mørkt når vi gjekk og mørkt når vi kom heim.
Om vinteren var det verre. .. Det kunne vere strevsamt når skiene kladda. Kladdane kunne bli mange centimeter tykke. Vi skrapa snøen av og gnei skiene med grovt salt…
Det var farleg skrått og isete. Vi hadde då liggande ei øks som vi hogg spor i isen med så vi kunne komme forbi?
Alle gjekk på ski, unge som gamle, Dorthea Fidjestøl gjekk på ski med med fotsid stakk og kom susande nedover bakkane. Ho brukte ein kraftig stav, og bremsa, og i dei brattaste sat ho på staven.
Kan dette kallast ekstremsport?
Sjå meir om livet på Dydland i Kvås i Lyngdalsboka 2007.
Trygve Omland
Lyngdal 9. april 2017