Psykiater Hans Olav Tungesvik skriv onsdag 17. august 2016 i Dagen Magasinet, gjengitt på internett, om kvifor han held fast på fråhaldsstandpunktet i forhold til alkohol livet ut.
Svaret må gjevast i fleire punkt:
1. Eg har aldri sakna verken smaken eller rusen.
2. Eg treng aldri tenkja skal/skal ikkje i samband med bilkøyring.
3. Føredømet for unge og eldre er det viktigaste grunnlaget for fråhald.
4. Solidaritet med alle born som opplever vonde fylgjer av alkohol i heimen, er òg eit kjernepunkt.
5. Som psykiater som òg ofte har med pasientar å gjera som slit med rusproblem, ser eg det som særleg viktig å kunna visa at ein kan ha eit godt og fullverdig liv utan alkohol. Eg fortel aldri spontant til pasientar at eg er fråhaldsmann, men mange spør kor eg står, og då er det veldig greitt og trygt å ha eit klårt svar.
Mitt håp med å skriva desse orda, er at alle som les desse refleksjonane, og som ikkje alt har tatt standpunkt, får lyst til å gjera det same valet som eg har gjort.
Sitatet ovafor har stått i Egden nr. 3, sept. 2016.og på internett: http://www.dagen.no/dagensdebatt/synspunkt/ALKOHOL/Heller-ikkje-eg-drikk-alkohol-375874
Eg er samd med Tungesvik i hans grunngjeving for fråhald. Nestekjærleik og solidaritet med menneske som treng støtte til edru livsstil er viktige argument for meg.
Val av tekst ved Trygve Omland, Lyngdal 14.10.2016.