Edvard Hoem om ein felemakar

Gud er større…
– Fornøyd er eg nok ikkje, sa felemakeren Lars . ”Men når vort hjerte fordømmer os, er Gud større end vort hjerte og kender alle ting.”
– Var det eit bibelvers du herma der? sa ei dotter til Lars.
– Ja, det var det, sa felemakeren.
Bibelverset er 1.Joh 3,20. Forfattaren Edvard Hoem bruker det i slutten av romanen om felemakaren Lars.
I Bibelen frå 2011 er det omsett slik: ”For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt.”
Felemakar Lars Olsen Hoem var født i 1782 og døde i 1852. Ei rekke av felene han bygde, er framleis å finne, på Ringve museum i Trondheim og i privat eige.
For meg vart det ekstra godt å lese om Gud som er større enn vårt hjarte. Lars hadde opplevd mykje vondt og vanskeleg i livet, men til slutt fekk han kvile i Guds kjærleik.
To av døtrene fann Lars død på den vesle jordlappen framfor løa, der det grodde soleie og løvetann.
I romanen frå 2020 om felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne. Lukke til med å lese om dette og mykje meir. Fela og musikken frå fela kan skape tro, håp og kjærleik.
Lyngdal 9. Februar 2021
Trygve Omland

 

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg