Innsamling av sagn i Lyngdal.
Lyngdal Historielag skal samle inn sagn fra Lyngdal kommune. På det siste møtet før jul den 02. desember 2019 fortalte Åse Marie Leksbø på en engasjert måte om sagn fra Austad, Lyngdal og Kvås. Her legger jeg ut et sagn fra Kvås som Åse Marie fortalte. Dette sagnet finner vi blant annet i ei lærebok som jeg brukte på Kristen videregående skole Lyngdal. Se kilder etter sagnet.
Varulv
På Vassland i Kvås var det eit par folk som ein sommar var i heia og slo. Då dei ut på dagen hadde fenge ihop nokre byrder rundt stakkestonga, sette dei seg og skulle eta. Men så kom dei til å falla ut og sat og skjendest.
Om ei stund reiste mannen seg og gjekk ifrå henne, men først sa han til kjerringa:
«Dersom dæ sku koma nogenslags ting, så må du røyma på stakkjen å ta rivå med deg.»
Ho sat ei stund og trudde bare at mannen var av eit ærend for seg sjøl.
Om eit bel kom det ein skrubb med gapande kjeften imot henne så ho måtte på stakken og sto der og slo ifrå seg med riva. Ho vrålte og skreik på mannen, men ingen korn. Skrubben blei verre og verre og ågjekk henne så hardt at han fekk tak i pilsefallen (skjørtefallen) og fekk rive av eit stykke. Då strauk han att.
I mote kvelden laut ho ta på heimvegen kor mannen var. Eit stykke opp for husa var det ein kalvehage. Der hadde dei ein kalv gåande. Då ho kom forbi der, fekk ho sett at kalven låg ihelriven og halveten.
Då ho så kom inn, låg mannen i senga og var sjuk. Så måtte ho ut og sjå å få kjura inn krettoret aleine, og det blei langt på natt før ho var ferdig.
Då ho kom inn att, var mannen ennå kleinar. Ho måtte då leggja seg innår med veggen. Ut på notta måtte mannen til å kasta opp.
Om morgonen då kona skulle fram, fekk ho sjå koss det såg ut på tilet. Der låg det kalveklauver og kalvehår — og pilsefallen. Då skjønte ho kva slags mann ho hadde. Det var varulv.
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82 OSLO 1959
I folketrua kan varulv vere eit menneske . Denne trua på varulvar eller hamløyparar kan ha sprunge ut av ein trong til å forklare dei dyriske sider ved mennesket.
Kilder:
ATTERLJOM Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes Av: Tore Bergstøl NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82 OSLO 1959
: kolon Tekstsamling for VK 1 og VK 2, Det Norske Samlag, Oslo, 1992.
Lyngdal 17.12.2019
Trygve Omland