Havet utenfor Haviksanden på Lista

Eg lengtar ut mot åpent hav

Sveinung Hølmebakk delte ut boka si “Usynlige spor” etter konserten i Lyngdal kirkesenter 19. januar 2020. Takk for den kraftfulle konserten om kvardag og kristen tru. Eg vart inspirert til å finne fram fotografi eg har teke. Det er godt å berre sjå og la tankane flyte fritt…

Eg fekk i dag lyst til å dele med dykk eitt vers frå boka som fører meg ut til havet, ut til Haviksanden på Lista, ut til ei strand eg kan vende tilbake til på nytt og på nytt.
Eg ser fram til nye turar til Haviksanden, ut mot åpent hav…

Eg lengtar ut imot det blå.
der mine tankar kan gå fritt,
der eg kan høyra hjartet slå,
der eg får att, det eg har gitt.

Lyngdal 2.03.2020.
Trygve Omland